mandag 3. september 2012

Ingebjørg Loe Bjørnstad underviser på sangsenteret i høst!

Vi er utrolig glade for å ha Ingebjørg med på laget denne høsten og jeg gleder meg til å undervise sammen med henne på et av høstens mest spennende kurs: Vokalimprovisasjon.
I tillegg til dette improvisasjonskurset blir Ingebjørg også å finne som instruktør på et av våre faste kurs: Gitar & Vokal. Vi ønsker Ingebjørg hjertelig velkommen som instruktør hos oss!

Beste hilsen fra daglig leder og hovedpedagog Marion.


Ingebjørg forteller litt om selg selv

Eg har sunge sidan eg var veldig lita, slik mange ungar gjer, og har alltid likt det godt.  Ein av dei første låtane eg likte å synga var «Samiid Ædnan», og vi har kassettopptak av at eg syng «Sammen for livet med stor innleving.

Eg trur det må ha vore i løpet av vidaregåande at eg kjende eg hadde lyst til å synga meir og driva med det utover å ha det som hobby. Da eg var 23 år byrja eg å ta songtimar og søkte etterkvart på høgare musikutdanning.
Foto: Kjell Gunnar Polden

Eg likar godt  å høyre på artistar som Tom Waits, Peggy Lee og ei fadosongarinne som heiter Christina Branco. 

Denne hausten skal eg vera med å halda eit imrovisasjonskurs der elevane kan få læra å bli meir kreative i songen sin, og så skal eg ha nokre timar på eit vokal- og gitarkurs der elevane kan få meir kunnskap om oppvarming, stemmebruk og framføring av songar.

Det er uvant å skulle beskriva mi eiga stemme, men ho kan både kviskra og ropa, laga spisse og mjuke tonar, synga nykomponert musikk med uvante lydar og songar  med plysterbare melodiar.

Helsing Ingebjørg


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Vi setter pris på kommentarer og tilbakemldr, og vi prøver å svare alle!